onsdag 31. desember 2008

Heimelaga is

Jeg må definitivt prøve å lage hjemmelaga is en gang. Nå kom jeg over en oppskrift som virker temmelig fristende, så kanskje 1. nyttårsdagsis, allerede?Oppskrift herfra:

2 liter kremfløyte piska til litt blaut krem

18 eggeplommer piska kvitt, eller i alle fall tjukt og lysare

1/2 kg sukker, 3 dl vatn og ein flekka vaniljestang (skrap frø ut, kok frø og stenger med) kokt i 5 minuttar til seigt

La sukkerlake kjøle til romtemperatur, og hell den i tynn stråle i eggeplommene mens kjøkenmaskinen køyrer

Eg kokar alltid sukker/vaniljelaken lenger enn oppskrifta seier, og når den avkjøler blir den for stiv og så må eg røre litt vatn i mens den kjølnar. Sikkert lurt å følge oppskrifta her, eg har aldri gjort det.

Bland forsiktig egge/sukkerlake-greiene saman med kremen med slikkepott. Vips i former og vips i frysen.

Etter sju timar har du nydeleg vaniljeis.

Men me stansar ikkje der, eg gjer i alle fall aldri det.

I dag blei iskremblandinga raskt fordelt på fire bakeboller, og kvar av dei fekk andre fine ting oppi seg som eg hadde gjort klår mens sukkerlaken kokte og kremen blei stiv og alt det der.

1. Nougat og cognac. Ein får stort sett tak i nougat no. Eg hadde ein pakke frå Anton Berg, kjøpt på Meny. Halve pakken skåre i små terningar og inn i kjøleskapet mens eg gjorde resten klart. Då isrøra var komme i bakebollen fekk den eit par skeier Braastad i seg og nougat-eterningane. Eit par sveip rundt med slikkepotten og vips i form og frys.

2. Sjokolade. Ungane knakk mørk, god sjokolade i bitar, og den fekk smelte i vatnbad. Gløym alt du har lært på kokekjøkenet om å smelte sjokolade. Den skal IKKJE i ei lita skål oppi ei stor gryte med kokande vatn. Då blir den berre kornete og dum. Eg har nokre IKEA-boller i metall som er litt breiare enn gryta eg set dei oppi. Men bruk gjerne to kjeler som er like store, der du puttar vatn i den nederste og sjokoladen i den øverste. Sjokoladen skal skånast for damp.
Smelta sjokolade blir raskt rørt inn i isrøra og vips i frysen.

3. Sylta fiken. Dansk svigermor var her før jul og sette frå seg nokre glas sylta valnøtter og sylta fiken ho hadde laga sjølv. Har du godsaker frå svigermor, eller delikatesseforretnignar, som du ikkje heilt veit kva du skal bruke til? Hakk og putt i isen. Vips i frysen. Og eg trur dei sylta fikenane fekk ein bitteliten dæsj cognac også.

4. Heimelaga syltetøy. Rett i røra, tre tak med sleiva og i frysen. Du kjem til å hate kjøpt jordbæris etter dette.

Det er ikkje noko poeng å fordele godsakene så veldig i røra, smaken er like god om cognac, sjokolade, syltetøy eller anna berre er sånn slurvete rørt litt inn. Dessutan ser det mykje kulare ut.
Du kan sjølvsagt også bruke hakka sjokolade, frukt, andre slags alkohol, bær, nøtter, alt som er godt. Eg ville ikkje putta frosne bær i røra, heller tine dei lett, tørke litt av og så bruke dei. Mest for å få litt av safta over i isen. No kom eg på at det er ganske naudsynt at eg forsøker å lage min eigen eggelikør/bjørnebær-is. Og pistasje-is. Åh.

Du kan ete isen når den har vore 7 timar i frysaren, og du treng ikkje tenke på den eller røre i den frå du set den der, til du skal ete.

Ingen kommentarer: